Hopp til innhold
X
Innhald

Rumohr-slekta på Rikheim

Dette biletet er teke på Rikheim i 1894, truleg i samband med ein familiesamankomst, for slekt frå Luster og Frønningen er på besøk. Eigaren av Rikheim, Claus Søfren Rumohr, er mannen med stor mustasje bak til høgre i biletet (utan hatt). Til venstre for han står broren, Bjarnhard Rumohr (med skjegg). Foto: Johan Rumohr Døsen. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Ein av dei fargerike eigarane av Rikheim var Claus von Munthe av Morgenstjerne Pederson Rumohr (1770-1831). Han var offiser, og kom midt opp i «bondeopprøret» som vart sett i gang i Lærdal i protest mot at lærdølene vart tvinga til militærteneste i tillegg til pliktarbeid på Kongevegen.

Løytnant Rumohr vart beordra til Valdres for å vere ein av leiarane av straffeekspedisjonen som kongen sette opp mot Lærdalsopprørane. Bøndene var då så harme at dei truga med å knuse vindauga på Rikheim. Aksjonen enda med arrestasjon av bondeleiarane og avretting av Anders Olson Lysne. (Les meir under «Skyssing og pliktarbeid i Lærdal».)

Claus Rumohr og kona var barnlause, og med samtykke frå kona fann han seg ei ung jente på Tønjum som han fekk to barn med, og arvefylgja på Rikheim var sikra! Kona på Rikheim køyrde sjølv til Tønjum for å hente odelsguten, og barnemora flytta også til Rikheim.

Hovudhuset på Rikheim slik det tek seg ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Rikheim slik det tek seg ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovudhuset på Rikheim er bygt i 1826, og løytnant Rumohr var arkitekt. Det er truleg at ein del av det grove tømmeret i huset kjem frå den gamle prestegarden på Øygarden nedanfor Blåflat. Huset vart bygd om i 1900. Då vart den rikt utsmykka hovuddøra flytta over til hagesida, pannetaket vart bytt med skiferheller, og dei småruta vindauga vart bytte med storruta. Seinare har kunstnaren Knut Rumohr hjelpt til med restaurering av m.a. inngangshallen og andre rom i bygget.

I 1825 fekk Rumohr løyve til å drive gjestgiveri på Rikheim, og heilt til våre dagar har laksefiskarar leigd husrom. Les meir om: Storgarden Rikheim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 13.05.2011