Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruk på Stødno

Stødnafossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stødnafossen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I elva under den mektige Stødnafossen på nordsida av dalen har det vore oppgangssag heilt sidan 1600-talet. Første gong at sagbruk i Stødnaelvi vert omtala, er i 1708 då sokneprest Hans Leyrdahl ville byggje ei sag nummer to litt lengre oppe ved elva. Leyrdahl hadde då vore eigar av storgarden Stødno i nokre år, og den nye saga hadde han planar om å byggje ovanfor åskammen.

Den nedste oppgangssaga på Stødno var i brukt til 1890. Då kom ein sunnfjording til Stødno og installerte ei nymotens sirkelsag. Denne vassdrivne saga var i bruk til slutten av 1950-talet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011