Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruka på Frønningen

Gamle Sagi med ”Sagastova” på Indre Sagi i bakgrunnen. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Gamle Sagi med ”Sagastova” på Indre Sagi i bakgrunnen. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Den første industrielle utnyttinga av lokale naturressursar i fjordbygdene var dei store, vassdrivne oppgangssagene. Nokre av dei største oppgangssagene i Sogn låg på Frønningen.

Dei første oppgangssagene i Noreg vart bygde på 1500-talet. Dei vassdrivne sagene revolusjonerte tilverkinga av tømmer, og på kort tid vart det bygt ei mengd oppgangssager i Sogn og Fjordane som fann ein god marknad for skurlasta i Bergen. Også utlendingar frå Nederland og Skottland kom til Vestlandet for å kjøpe bygningsmaterialar. Ein av dei største skogane i Sogn ligg på Frønningen, der ein reknar med det har vore drive sagbruk frå kring 1600. Skogeigedomar var noko av det mest verdfulle ein kunne eige i gamle dagar, og skogane på Frønningen var m.a. eigde av adelskvinna Ingerd Ottosen Rømer (1475-1555), gift med rikshovmeister Niels Henriksson Gyldenløve. Ingerd er best kjend som rollefigur i Henrik Ibsens drama ”Fru Inger til Østraad”. Sonen til Ingerd, Hans Pederssøn til Sem i Vestfold, er nemnd som eigar på Lagsmannsås oppe på fjellplatået på Frønningen i 1593. Hans Pederssøn døydde i 1603, og eigdomane vart selde. Kring 1630 dreiv rike borgarar i Bergen sagbruk der. Sidan 1647 har det vore Lem-slekta og den seinare inngifta Rumohr-slekta som har eigd det store skoggodset og drive sagbruka. - Les meir om historia til Frønningen i eigen artikkel under Historie.

Tømmerfløyting på Frønningen. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tømmerfløyting på Frønningen. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tre sager i Frønningen-skogane

Kongen i København kravde inn store skattar frå norske sagbruk, og i 1674 vert det etter ein skattetakst opplyst at stod to oppgangssager i Frønningen. Den største som kunne skjere 800 tylfter bord, var eigd av enkefru Abel Munthe som var enkje etter Peder Lem. Ho eigde også to sager oppe på Lagmannsås som kunne skjer opp til 400 tylfter bord i året. I tillegg eigde enkjefrua ein halvpart i ei sag som kunne skjere 130 tylfter bord. Den andre halvparten eigde fire brør på Fimreite som på den tida eigde nokre skogteigar i Frønningen. Dei var medeigarar i saga fram til 1775, då den vart rigga ned og flytta frå Frønningen til Fimreite. I 1775 er det opplysningar om tre sager på Frønningen: Frønningsaga, Stølsåssaga og Lagmannsåssaga, alle eigde av godseigar Hans Lem. Etter ei synfaring i 1781 vart det opplyst at det årleg vart skore mellom 33.000 og 46.000 bord på sagene i Frønningen.

Tømmerrenna på 1950-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tømmerrenna på 1950-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tømmerrenne ned til fjorden

For å få tømmeret ned til fjorden, vart det bygt ein samledam for tømmeret oppe på fjellbruna, og derifrå ei vassrenne ned til fjorden like ved saga. Tømmerstokkane vart fløytte ned renna og i fjorden der dei låg innestengde til det var klart for å heise dei inn på oppgangssaga på ein såkalla kjerrat. Oppgangssaga hadde mange blad slik at ein kunne skjere ut heile stokken i ein operasjon. Oppgangssaga er teken vare på og står der slik den gjorde då den sist var i bruk. Sagbruksdrifta på Frønningen-godset vart lagd ned i 1997. Eigaren, Vilhelm Rumohr, skipa då selskapet Frønningen Skog for å satse på jaktutleige og anna friluftsturisme.

Materiale frå Sagi blir lasta om bord i ei sognejekt om lag 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Materiale frå Sagi blir lasta om bord i ei sognejekt om lag 1920. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.12.2009