Hopp til innhold
X
Innhald

Sagbruket i Erdal

I Erdal var det oppgangssag alt på 1600-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Erdal var det oppgangssag alt på 1600-talet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Erdal vitnar stadnamnet Sagøyni om at det frå eldgamle tider har lege ei oppgangssag på øyra ved Lærdalsfjorden. Her låg det alt tidleg på 1600-talet ei oppgangssag. Saga var eigd av rikfolk som budde andre stader, m.a. Amla, og med ein sagmeister som styrde med saga. Saga i Erdal var mindre enn den som låg i Vindedal. Erdals-saga tok imot tømmer berre frå sjølve grenda, medan saga i Vindedal også tok imot tømmer frå Strendene på nordsida av fjorden.

I 1723 vart saga kjøpt av handelsmannen Jens Nilsson Hess, opphaveleg frå Hafslo. Han dreiv handel og gjestgiveri i Lunden på Slinde før han ca. 1705 flytta til Lærdalsøyri for å drive handel der. – Sjå Sogndal kommune, artikkelen: Gjestgiveri og handel i Lunden på Slinde.

Jens Hess fekk faren, Nils Jensson Thisted, med på kjøpet av Erdal-saga. Sagvirke henta dei frå skogane som dei eigde på Strendene. Jens Hess må ha vore ein velståande mann, for han fekk bygd eige gravkapell ved kyrkja på Hauge.

Frå 1748 var det Hans Dyrdal frå Arnehus i Nærøyfjorden og eit par andre som eigde oppgangssaga i Erdal. Dyrdal dreiv skogen så hardt at han fekk 114 riksdalar i bot. Styresmaktene fylgde nemleg nøye med på kor mykje som vart hogge og saga, og mang ein skogeigar fekk svi med bøter og det som verre var dersom dei ikkje heldt seg til reglane. I Gloppen miste jamvel futen Christen Søfrenson Wittrup (sjå denne – Gloppen kommune) retten til skogshogst fordi han hadde hogge for hardt.

På 1840-talet let det til at sagbruket i Erdal fekk mindre å seie økonomisk i bygda, for då er den store mølla i Erdal komen i drift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009