Hopp til innhold
X
Innhald

Samvirketiltak for frukt og grønsaker

Morelldyrking er dei siste åra blitt ei viktig næring for mange gardbrukarar i Lærdal. Foto: Magnhild Aspevik. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Morelldyrking er dei siste åra blitt ei viktig næring for mange gardbrukarar i Lærdal. Foto: Magnhild Aspevik. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Lærdal med sitt stabile klima er rekna som ei av dei beste bygdene på Vestlandet for dyrking av frukt og rotvekstar. Frå 1920-åra satsa særleg gardane på Ljøsne på dyrking av tidlegpotet som vart skipa i store mengder til Bergen.
Seinare leverte Lærdalsbøndene også tidlegpotet austover.

Lærdal Frukt- og potetlager. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdal Frukt- og potetlager. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1955 slo bøndene seg saman og bygde sitt eige frukt- og potetlager på Lærdalsøyri: Lærdal Frukt og potetlager P/L. Lageret, som tok imot og pakka og sorterte frukt, vart etter ein tid teke over av Gartnerhallen. Etter nokre år vart fruktlageret i Lærdal lagt ned og frukta send til samleanlegget på Leikanger. Kring 1970 skipa 20 bønder, i hovudsak på Ljøsne, sitt eige produksjonslag som leverte til den private frukt- og grønsakgrossisten BAMA. I 1999 slo dei to produksjonslaga i Lærdal seg saman og skipa Lærdal Grønt BA.

Morelldyrking

Det er gjennom dette laget ein har organisert dyrking av morellar for eksport. Eksporten kom i gang i 1997, og i 2001 vart det eksportert morellar av høg kvalitet til Sverige, Tyskland og Storbritannia. I 2012 leverte dei 22 dyrkarane i Lærdal 180 tonn morellar.

Fabrikkanlegget som Bergen & Drægni Produkter bygde på Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fabrikkanlegget som Bergen & Drægni Produkter bygde på Grandane. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.08.2012