Hopp til innhold
X
Innhald

Sanden Kafé og Pensjonat

Sanden Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sanden Pensjonat. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sanden Kafé og Pensjonat på Lærdalsøyri vart starta i 1897 av Ola Jensson Sanden.

Han kjøpte då eit hus som var bygd i 1840 av landhandlar og ordførar Jan Henrik Nitter Hansen. Huset hadde vore brukt som butikk. Ola Jensson Sanden dreiv handel med laks, hadde gjestgiveri og dreiv som skysskar. Pensjonatet og kafeen vart driven av andre slektningar til 1976. I 1994 tok Jon E. Tamnes og Hallvard Trohaug opp att drifta under namnet Sanden Pensjonat, og dei kjøpte huset i 1998.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 04.05.2011