Hopp til innhold
X
Innhald

Senter for skeiseindretten

I Lærdal finn vi det største og eldste miljøet for skeiseløp i Sogn og Fjordane. Frå langt tilbake har det vore arrangert konkurransar i skeiseløp på elve- og fjordisen, og frå tidleg 1960-tal vart det lagt is på Lærdal stadion. På 1960- og 1970-talet vart det årvisst arrangert nasjonale stemne. Lokalt var det skeisemiljøa i Sogndal, Hafslo og Veitastrond som baud på hardaste konkurransen. Erik M. Aarethun har vore den beste skeiseløparen frå Lærdal. Kring 1970 talde han i nokre år mellom dei 10 beste skeiseløparane i landet, og deltok både på junior- og seniorlandslaget. Han deltok i ni NM. I denne tida representerte han skeiseklubben på Gjøvik.

Kasta naboen på dør

Det vert elles fortalt om ein mann som budde på Ljøsne, Jens Klingenberg, at han var lidenskapeleg interessert i skeisesport. Ein gong Jens sat limt til radioapparatet for å fylgje eit skeisemeisterskap, kom naboen innom for å slå av ein prat. Men Jens ville ikkje forstyrrast i ei så ”heilag” stund, så han kasta grannen rett på dør, sjølv om dei elles var gode vener.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.01.2015