Hopp til innhold
X
Innhald

Sentralisering og ungdomsskule i Lærdal

Lærdalsøyri skule er ein av to skular med undervisning på ungdomsskulesteget i Lærdal kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalsøyri skule er ein av to skular med undervisning på ungdomsskulesteget i Lærdal kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I Lærdal som elles i landet, vart talet på skular sterkt redusert på 1960-talet:

I 1964 vart Hegg og Husum nedlagde og sentraliserte til Berge i Borgund. I 1966 vart Tønjum nedlagt og borna sende til Ljøsne (Rikheim var slegen saman med Ljøsne tidlegare). Same året miste Erdal barneskulen og borna sende til Lærdalsøyri, og den siste vesle grendeskulen, Strendene, vart lagd under Lærdalsøyri på 1970-talet.

På Lærdalsøyri, Ljøsne/Rikheim og Borgund vart det starta framhaldskular etter 2. verdskrig. Både desse og realskulen (så mellomskulen) vart avvikla då ungdomsskulen vart innført i 1969.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.05.2011