Hopp til innhold
X
Innhald

Sigurd Fretland

Sigurd Fretland fødd 1923 i Sogndal, busett i Lærdal. Bonde og byggmeister.

Sigurd Fretland fødd 1923 i Sogndal, busett i Lærdal. Bonde og byggmeister.

Han starta som byggmeister tidleg på 1950-talet, og bygde etter kvart opp det som er Fretland Bygg AS - (sjå Lærdals Bygningsartikkelkompani AS) - med 19 tilsette og med 17 millionar kroner i omsetning i 2001.

Fretland har m. a. hatt fleire store byggeprosjekt i Lærdal, som sjukehus, hotell, hamneanlegg og skular.

Han har hatt ei rad kommunale verv, m.a. som varaordførar.

Far til Jan Olav Fretland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011