Hopp til innhold
X
Innhald

Sjukehuset treng straum

På dette postkortet ser vi litt av røyrgata til Husum Kraftverk på andre sida av elva. Foto: Normann. Eigar: Lærdal Energi.

På dette postkortet ser vi litt av røyrgata til Husum Kraftverk på andre sida av elva. Foto: Normann. Eigar: Lærdal Energi.

Situasjonen var særleg vanskeleg på Lærdalsøyri. Derfor tok hotelleigarar og andre forretningsdrivande der skeia i eigne hender og bygde eit motordrive kraftverk i 1929.

I 1934 var L/L Lærdal Kraftverk skipa. Ein av grunnane til at det vart blåse liv i den kommunale kraftforsyningsplanen att, var at Lærdal sjukehus skulle utvidast og utstyrast med røntgenapparat, og då dugde ikkje eit usikkert, gamalt dieselaggregat. Husum kraftverk vart bygd, og var i drift frå 1936 til 1975.

Oppover til øvste Borgund og Maristova vart det ikkje strekt kraftliner før på 1950-talet, men hotellet på Maristova hadde vore sjølvforsynt frå eit privat kraftverk frå 1939. Bygda Vindedal på sørsida av Lærdalsfjorden fekk kraftforsyning i 1965.

Lærdal fekk i 1948 avtale med ÅSV om kjøp av suppleringskraft, ei ordning som varde til 1974. Lina låg i vanskeleg terreng. Det var stadige straumbrot, og ein vinter omkom Nils Vetti under linereparasjon. Frå 1974 har kommunen teke ut konsesjonskraft frå Borgund Kraftverk.

Lærdal Kraftverk har seinare skifta namn til Lærdal Energi.

Les meir om: Kraftforsyninga i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.05.2011