Hopp til innhold
X
Innhald

Skalpert av bjørnen

Det hende at bjørnen fekk overtaket på jegeren. Illustrasjon frå 1800-talet.

Det hende at bjørnen fekk overtaket på jegeren. Illustrasjon frå 1800-talet.

Bjørnen kunne nærgåande både for husdyr og folk i gamle dagar. Kring 1765 vart husmannen Tomas Syne (1738–1800) stygt skamfaren av ein bjørn ved Galdane i Lærdal. Tomas kom over bjørnen medan den låg og åt på eit geitekadaver i utmarka. Bjørnen rende rett på Tomas og slo. Labben nærmast skalperte Tomas for det meste av hårluggen, men han greidde å ta seg heim att og kom seg til hektene att etter lang tid til sengs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2011