Hopp til innhold
X
Innhald

Skiping av Fylkesbaatane

I 1858 vart Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (NBAD) skipa, det første fylkeseigde ruteselskapet i landet. I 1919 vart namnet endra til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF).

Fylkesbaatane - skipinga av Nordre Bergenhus Amts Dampskibe i 1858 er i historisk perspektiv framleis det viktigaste vedtaket som er gjort av fylkestinget i Sogn og Fjordane: - Fylkesbaatane knytte fjord- og kystbygder til Bergen med faste ruter og revolusjonerte samferdsla også innanfor fylket. Dei gjorde det m.a. mogeleg å få selt ferske landbruksvarer i Bergen, og opna for ei ny og lønsam næring: Turismen.

På Lærdalsøyri budde to av dei som skulle gjere opptaket til skiping av det fylkeseigde dampskipsselskapet.

Den eine var amtmann Michael Conrad Sophus Emil Aubert i Nordre Bergenhus, og den andre var den mektige handelsmannen på Lærdalsøyri, Jan Henrik Nitter Hansen. Dei allierte seg med ein annen stor «samfunnsbyggjar», sokneprest Harald Ulrik Sverdrup i Balestrand.

Kong Olav V talar til dei frammøtte på kaien på Hermansverk under jubiléet for Fylkesbaatane i 1958. (Foto: Norsk Film/NRK).

Kong Olav V talar til dei frammøtte på kaien på Hermansverk under jubiléet for Fylkesbaatane i 1958. (Foto: Norsk Film/NRK).

Skipa i Førde

På ekstraordinært møte i amtsformannskapet i tingstova i Sjøahola i Førde den 27.–28. november 1857 fatta amtsformannskapet vedtak om å skipe Fylkesbaatane og skaffa to dampskip til fart mellom Nordre Bergenhus amt og Bergen. Det første skipet, «Framnæs», vart sett i rute på strekninga Bergen-Lærdalsøyri. Opningsturen gjekk 2. desember 1858, på skipingsdagen til Nordre Bergenhus Amts Dampskibe.

Kai og pakkhus i Lærdal

I 1864 vart gjestgjevar og handelsmann Jørgen Chr. Lindstrøm dampskipsekspeditør. Han bygde kai og pakkhus på Habben, der hovudkaia i Lærdal ligg idag. Seinare vart det bygt kafé og overnattingsplass på Habben, der folka på ekspedisjonen også vaska skittentøy for rutebåtane.

Les meir om Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.08.2018