Hopp til innhold
X
Innhald

Skofabrikk i Lærdal

Gullak H. Hovland frå Vadheim starta i 1886 skomakarverkstad på Lærdalsøyri, og bygde etter kvart ut ein liten fabrikk med åtte tilsette.

Hovland var laksekleppar, og starta med å selje sko til engelskmennene. Fabrikken var ein av fleire som produserte den kjende Lærdalsskoen, og hadde m.a. eksport til England.

I 1948 leverte Hovland Lærdalssko til den norske olympiatroppen. Sonen til Gullak heldt på til 1960-talet, og etter ein pause freista Kåre Skjær å ta opp att produksjonen kring 1990, men måtte leggje ned etter kort tid. Den norske OL-troppen i Albertville 1992 var utstyrde med Lærdalssko.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.04.2009