Hopp til innhold
X
Innhald

Skular i Lærdal

Lærar Olav Skjær med elevflokken på Erdal skule i 1915. Første rekkje frå venstre: Ingeborg Bjørkum, Anna Bjørkum, Anna Grindheim, Kari Helland, Margit Bjørkum, Nelly Sæbø og Kristi Fleskheller. Andre rekkje: Maria Merkeshaug, Anna Klingenberg, Kristi Sæhl, Johan Sæhl, Jon Bjørkum og Olav Hjellum  Tredje rekkje: Per Klingenberg, Anders Fleskheller, Jon Klingenberg, Arne Bjørkum, Olav Bakketun og Per Bjørkum. Fjerde rekkje: Olav Helland, Harald Thyri, Harald Grindheim og Sigurd Thyri. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lærar Olav Skjær med elevflokken på Erdal skule i 1915. Første rekkje frå venstre: Ingeborg Bjørkum, Anna Bjørkum, Anna Grindheim, Kari Helland, Margit Bjørkum, Nelly Sæbø og Kristi Fleskheller. Andre rekkje: Maria Merkeshaug, Anna Klingenberg, Kristi Sæhl, Johan Sæhl, Jon Bjørkum og Olav Hjellum Tredje rekkje: Per Klingenberg, Anders Fleskheller, Jon Klingenberg, Arne Bjørkum, Olav Bakketun og Per Bjørkum. Fjerde rekkje: Olav Helland, Harald Thyri, Harald Grindheim og Sigurd Thyri. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Skule på 1700-talet

Gjennom den såkalla ”skulefundasen” fekk prestane kringom i landet i oppgåve å stelle til undervisning i lesing og skriving som ein lekk i førebuingane til konfirmasjonen. Dette var opphavet til den norske skulen. Det første møtet om skuleorganisering i Lærdal vart halde i 1741, og i 1744 vert det nemnt at det finst ein slags skule i eit hus på prestegarden Tønjum. Kva slags skule og kva omfang den hadde er ikkje kjent, men det er rimeleg å tru at det dreia seg om leseopplæring for konfirmantar.

Elevar ved gamleskulen på Lærdalsøyri oppstilte på skuleplassen. Årstalet er ikkje kjent. Ukjend fotograf. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar ved gamleskulen på Lærdalsøyri oppstilte på skuleplassen. Årstalet er ikkje kjent. Ukjend fotograf. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Prest samla dialektuttrykk

Fleire av prestane i Lærdal på 1700-talet var typiske ”potetprestar” som var opptekne av folkeopplysning. Mest kjend er Hans Carsten Atche som truleg var ein av dei første som tok til å dyrke poteter i Noreg. Ein annan var kapellan Henrik Augustinus Rodtwidt som tenestegjorde som kapellan frå kring 1812 og utover. Han samla ei dialektsamling med ord og uttrykk frå Lærdal; ”Leirdalske Ord og Talemaade”, som vart trykt i eit tidsskrift i 1812. Også etterfylgjaren Ulrik Fredrik Boyesen (1773-1841) som var prest frå 1812 til 1822, skreiv mange lokalhistoriske artiklar som vart trykte i tidsskrift på den tida. Han var også interessert i jorddyrking og fekk Borgardådsmedaljen for dette arbeidet, men dette var visstnok ein innsats som han gjorde i andre prestekall etter at han var reist frå Lærdal.

Gamle Lærdalsøyri skule, bygd i 1902. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gamle Lærdalsøyri skule, bygd i 1902. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fastskule på Lærdalsøyri

Det første skulehuset på Lærdalsøyri vart bygt under Bergo i 1838 og var dermed ein av dei første stadane i fylket som fekk fastskule til avløysing for omgangsskule. – Sjå elles om dei første fastskulane i Vik og Gulen. I 1868 vart det bygt nytt skulehus på Lærdalsøyri, og i 1902 endå eit nybygg i sveitsarstil. Det gamle skulehuset frå 1868 vart då omgjort til sjukestove. – Les meir om sjukestova og utviklinga mot sjukehus på Lærdalsøyri i eigen artikkel under Helsestell. Skulehuset frå 1902 står framleis. I 1969 vart så den nye sentralskulen på Lærdalsøyri bygd.

Lærdalsøyri skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalsøyri skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I tidlegare Borgund kommune var det opphaveleg fire krinsar, Hegg, Øvre Kvamme, Horge og Husum som vart slegne saman til ein krins for heile Borgund; Berge krins:

Hegg

krins fekk første skulehuset sitt i 1872. Dette skulehuset vart i 1900 flytta og sett opp som skulehus for den nyskipa Berge krins som då også omfatta dei tidlegare krinsane Øvre Kvamme og Horge.

Øvre Kvamme

krins fekk skulehus i 1872. I 1900 gjekk den inn i den nyskipa Berge krins saman med tidlegare Hegg og Horge krinsar.

Horge

krins fekk skulehus i 1876. Den gjekk inn i den nye Berge krins i 1900 saman med tidlegare Hegg og Øvre Kvamme krinsar.

Husum

krins fekk skulehus i 1872. Krinsen fekk nytt skulehus i 1930, men vart lagd ned i 1964 og borna flytta over til Berge skule.

Borgund barne- og ungdomsskule på Steinklepp. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Borgund barne- og ungdomsskule på Steinklepp. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Berge

krins vart skipa som samlekrins for tidlegare Hegg, Øvre Kvamme og Horge i 1900. Berge fekk nytt skulehus i 1960. I 1964 vart også Husum krins lagd ned og borna derifrå flytta over til Berge som sidan har vore den einaste skulekrinsen i tidlegare Borgund kommune. Difor vart skulen i 2008 omdøypt til Borgund barne og ungdomsskule. I 2012 vedtok Lærdal kommunestyre at ungdomsskuleelevane frå Borgund skal gå på Lærdalsøyri skule. Dermed er Borgund skule frå hausten 2012 ein rein barneskule.

Borgund

- sjå Berge.

Rikheim

krins fekk skulehus i 1869. Krinsen vart lagd ned i ca. 1955 og borna flytta over til Ljøsne. Det gamle skulehuset på Rikheim er i dag skulemuseum.

Ljøsne skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ljøsne skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ljøsne

krins fekk skulebygg i 1866. Dette vart erstatta med nybygg kring 1955, då også borna frå nedlagde Rikheim krins vart overførde til Ljøsne. Skulehuset på Ljøsne har sidan vorte utvida i to omgangar på 1980- og 1990-talet.

Skulehuset på Tønjum var i bruk som skule til 1964. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulehuset på Tønjum var i bruk som skule til 1964. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tønjum

krins fekk første skulehuset i 1866, og nytt skulehus i 1903. Krinsen vart lagd ned i 1964 og borna fordelte litt til Ljøsne og nedover til Lærdalsøyri, alt etter kvar dei budde i høve til dei næraste skulane.

Hauge

krins fekk skulehus i 1868. Krinsen vart innlemma i Lærdalsøyri krins kring 1902, då Lærdalsøyri fekk nytt og mykje større skulehus.

Tidlegare Erdal skule er  no bustadhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare Erdal skule er no bustadhus. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Erdal

krins fekk skulehus i 1898 etter først å ha halde til i ei leigd stove på garden Bjørkum. Krinsen vart lagd ned i 1964 og borna flytta over til skulen på Lærdalsøyri.

I Vindedal var det skule til 1961. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

I Vindedal var det skule til 1961. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Vindedal

krins fekk skulehus i 1907. Krinsen var nedlagd frå 1962 til 1952, då den vart skipa på nytt. Vindedal vart endeleg nedlagd som eigen skulekrins i 1961.

Strendene

fekk eige skulehus i 1905. Skulehuset vart øydelagd av eit ras i 1921, men bygd opp att. Strendene skulekrins vart lagd ned i 1977.

Frønningen skule.

Frønningen skule.

Frønningen

fekk første skulehuset på Nyborg i 1870. Bygda fekk nytt skulehus på Stølen i 1960.

Vevkurset som berga norsk vevkunst

Randi Blehr (1851-1928) kom til Lærdal i 1878. Ho fekk avgjerande betydning for norsk vevkunst.

Jordbruksskulen på Rikheim

I 1896 leigde Sogn og Fjordane fylke storgarden Rikheim i Lærdal til jordbruksskule.

Skule for kondisjonerte

Frå 1896 til 1900 var første etasje i det store huset «Telegrafen» på Lærdalsøyri nytta til privatskule for «kondisjonerte». Lærarinna hadde også bustad i huset.

Engelskkurs for turistnæringa

Ivar Dominikusson Ødegaard var i Amerika frå 1892 til 1895 og underviste lærdølene i engelsk då han kom heimatt.

Noregs bitraste målstrid

Den hardaste - og truleg mest komiske - striden kring innføring av nynorsk som skulemål i Noreg gjekk føre seg i Lærdal kring 1910.

Mellomskulen i Lærdal

I 1914 starta sokneprest Torjus Kristensen Staksnes (prest i Lærdal 1906-1916) privat mellomskule i Lærdal.

Gymnasklasse på Lærdalsøyri

I mellomkrigstida, eller under 2. verdskrig, vart det drive gymnasundervisning på Lærdalsøyri. Truleg var denne undervisninga i samband med realskulen, men det er lite opplysningar å finne om når, og i kva omfang gymnasundervisninga vart gjeven. Ein av dei som gjekk på gymnaset i Lærdal, var den kjende skulemannen Hans Urdahl Wendelbo Lysne som tok artium som privatist i Ålesund etter å ha gått ”gymnaset” i Lærdal.

Sentralisering og ungdomsskule i Lærdal

I Lærdal som elles i landet, vart talet på skular sterkt redusert på 1960-talet.

Lærdalshallen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalshallen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lærdalshallen

I 2006 bygde kommunen ny barneskule og fleirbrukshall – Lærdalshallen - på Lærdalsøyri.

Hjelpepleiarskulen i Lærdal

Etter at Nasjonalforeningen for Folkehelsen hadde arbeidd for saka i fleire år, vart det i 1965 starta hjelpepleiarskule med 12 elevar knytt til sjukehuset i Lærdal.

Dagens kommunale skular:

*Lærdalsøyri barne- og ungd.skule (1.-10. klasse) *Ljøsne barneskule (1.-7. klasse) *Borgund barne- og ungdomsskule (1.-10. klasse)

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 29.05.2012