Hopp til innhold
X
Innhald

Skyssing og pliktarbeid i Lærdal

Filefjellet mot vest. Den gamle vegen gjekk over høgda i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Filefjellet mot vest. Den gamle vegen gjekk over høgda i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sidan vegen over Filefjell og vidare til Lærdal var den viktigaste ferdslevegen mellom aust og vest, vart lærdølene pålagde mykje arbeid med vedlikehald av vegen, og skyss av reisande embetsmenn.

I 1563 gjorde difor lærdølene avtale med kong Fredrik 2. om at dei skulle sleppe militærteneste som kompensasjon for alt arbeidet dei hadde med veg og reisande gjennom dalen. Dei fekk dessutan halv skatt.

Det var denne avtalen lærdølene viste til då dei i 1802 nekta å møte til sesjon, og vart straffa med fengsling og avretting av ein av opprørsleiarane, Anders Olson Lysne.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011