Hopp til innhold
X
Innhald

Slaktehusa i Lærdal

Levering av slakteklare sauer til slaktehuset på Sagøyni på 1930-talet.© Lærdal lokalhistoriske arkiv

Levering av slakteklare sauer til slaktehuset på Sagøyni på 1930-talet.© Lærdal lokalhistoriske arkiv

I 1935 bygde Vestlandske Salslag eit av sine første slaktehus på garden Voll. Dette var eit sesongslakteri for sau, og var eit av fleire mindre slakteri som Vestlandske Salslag (skipa 1920) starta kringom i bygdene i mellomkrigstida.

Slakteriet på Voll var i bruk til 1958, då ein del av bygget vart ombygd som utstillingslokale for pelsdyr. Seinare har bygget vorte nytta som møtelokale. Også ved kaia i Fleskheller og på Sagøyna i Erdal vart det i kortare periodar drive eit par mindre slakteri.

Frå 1950 til 1967 dreiv A. A. Andersen frå Drammen eit lite slakteri i Borgund.

På Lærdalsøyri bygde Hans Kvigne og Aron Brunborg i 1954 eit slakteri med kjøtbutikk. Murbygget var eit omstridd framandelement i den gamle busetnaden ved Øyragata. Firmaet skulle skaffe råstoffet frå oppdrett av kjøtfe på Kvigne gard i Erdal, men selskapet gjekk etter kort tid konkurs.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2011