Hopp til innhold
X
Innhald

Slakteri på Voll

Vestlandske Salslag bygde i 1935 eit slakteri på garden Voll på Tønjum. I sesongen var det tre slaktarar i arbeid, og i tillegg folk som klipte sauer og reinsa tarmar. Slakteriet var i bruk til 1958, då det vart gjeve i gåve til pelsdyravlsgruppa i Lærdal Bondelag - på vilkår av at laget hindra at det ikkje vart starta konkurrerande slakteriverksemd i bygda.

Lokala vart nytta til utstillingslokale av pelsdyravlslaget, og seinare som forsamlingslokale for grenda.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011