Hopp til innhold
X
Innhald

Slo i hel bjørnen med staur

Per Larson Kvigne (sjå denne under Kjende personar i Lærdal fødde år 1800-1850) – eller Kroka-Per som han gjekk for i bygda, var ein kar som budde på garden Kvigne. Ein gong skaut han på ein bjørn på fjellet Skjørelen. Medan Lars ladde om børsa hoppa den såra bjørnen på vatnet for å rømme unna. Men Per la på sprang rundt vatnet og tok imot bjørnen då den skulle kravle i land. Med ein stor orestaur greidde Per Kvigne å dengje livet av bjørnen.

Kroka-Per var elles kjend som ein stor bjørnejeger som til saman skaut 20 bjørnar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009