Hopp til innhold
X
Innhald

Snøskred og ledda gjerdestolpar

Garden Voldo, der bonden fann opp ledda gjerdestaur for å sleppe å sette opp nytt gjerde kvar gong Vodlaskreda hadde gått. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Garden Voldo, der bonden fann opp ledda gjerdestaur for å sleppe å sette opp nytt gjerde kvar gong Vodlaskreda hadde gått. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Opp gjennom heile dalen finst tallause rapportar om at stein- og jordskred og snøskred har gjort store skadar på åker og eng. Ofte har jordskreda kome i samband med storflaum der bekkar og grøver har ført med seg grus og stein og ”øyra ned” dyrka mark. Når slikt hende, fekk bøndene såkalla ”avtak” på skylda og dermed avslag på skatten til dei hadde fått rydda opp og kome seg økonomisk på fote att.

I den harde snøvinteren i 1873 vart mange husmannsplassar i Borgund råka av snøskred. To av dei låg på garden Øvre Kvamme. Husbonden på Øvre Kvamme fekk åtvara husmannsfolket om skredet slik at plassfolket fekk berga seg bort før skredet kom og feia alle husa bort. Det vert fortalt at folka kunne høyre kyrne raute under snøfonna morgonen etter.

På garden Hovland vart sjølve gardstunet flytta til ein meir rassikker stad.

I 1906 gjorde ei snødemme i elva Eisanda stor skade på Horge i Borgund, og plassen Horgerøysane og nokre hus i sjølve gardstunet vart raserte. Etter dette vart nokre hus flytta frå Brubakken til ein sikrare stad på Nesheim.

Også andre husmannsplassar og gardar i Borgund var evakuerte etter skadar frå skred denne snøvinteren i 1906.

Ei av dei farlegaste snøskredene i dalen er Vodlaskreda på garden Voldo i Borgund. For å sleppe at snøskredet øydelegg gjerdet kvar vinter, har folket på Voldo montert gjerdestaur som er ledda nede. Når hausten kjem, vert gjerdet lagt ned, og snøskredet kan sleppe uhindra over utan å øydeleggje.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009