Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn Betongindustri

Lasting av stein frå Sogn Betongindustri i Erdal på 1950-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Lasting av stein frå Sogn Betongindustri i Erdal på 1950-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Sogn Betongindustri starta i 1947. Firmaet hadde fabrikk i Erdal og produserte bygningsblokka «Vigroblokk». Den hadde eige sandtak i Erdal og Håbakken på Tønjum. Firmaet samarbeidde med Lærdals Bygningsartikkelkompani AS.

Etter at tomta i Erdal rasa ut, flytta verksemda til Lærdalsøyri, og vart etter økonomiske vanskar på 1980-talet overteken av Førde Sementvarefabrikk AS. Ei tid var det folk frå Hemsedal som eigde, men i 1994 overtok entreprenør Anders Voll-Lunde frå Lærdal verksemda.

I 2001 overtok AEB Betong - Aurland Energibygg AS, betongblanderiet, medan Voll-Lunde framleis eig fabrikkhallen der ein støypte betongvarer.

Sogn Betongindustri heldt til i denne bygningen i Erdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn Betongindustri heldt til i denne bygningen i Erdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011