Hopp til innhold
X
Innhald

Sogns Tidend

Sogns Tidend vart starta på Lærdalsøyri i 1877 av sakførar, og seinare statsminister, Othto Albert Blehr som organ for partiet Venstre.

Blehr hadde tidlegare starta «Fjordenes Blad» på Nordfjordeid - sjå: Aviser og media i Eid. Blehr var også første redaktør, men seinare tok Hans Martin Mikkelsen (fødd 1855) frå Bergen over redaktørkrakken.

Mikkelsen dreiv også Mikkelsens Boktrykkeri og styrde avisa til den i 1903 vart kjøpt av Jens Kvåle i Sogndal og flytta dit. Mikkelsen gjekk då over i stilling som postmeister i Lærdal, og var ordførar i Lærdal i to periodar til han flytta til Stavanger i 1921.

Jens Kvåle hadde sidan 1896 drive det nynorske bladet «Ungdom», som i 1899 skifta namn til «Sygna». «Sygna» gjekk inn i «Sogns Tidend» då Kvaale kjøpte denne - sjå: Aviser og media i Sogndal.

Like etter 2. verdskrig kjøpte avisa Sogn og Fjordane forlagsretten til avisa Sogns Tidend og slo den saman med si eiga avis. Sogn og Fjordane vart i 1993 slegen saman med Sogningen/Sogns Avis (SSA) til Sogn Avis.

Sogns Tidende frå 9. juni 1905, to år etter at avisa vart flytta til Sogndal.

Sogns Tidende frå 9. juni 1905, to år etter at avisa vart flytta til Sogndal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011