Hopp til innhold
X
Innhald

Soldat-kjempa frå Lærdal

Tidleg på 1700-talet fann den preussiske kongen Fredrik Wilhelm ut at han ville byggje opp ein garde av dei største soldatane som kunne finnast.

Han sende ut speidarar over heile Europa for å finne høge soldatar til «Der Reisengarde». Den største av alle var Jonas Henrikson (1696–1727) frå den vesle garden Røyrnes vest for Lærdalsøyri, sjå og Jonas Henrikson Røyrnes. Han målte 2,12 meter på strømpelesten, og segna fortel at det var direktøren på koparverket i Årdal som oppdaga kjempa på ein Lærdalsmarknad.

Portrett i slottet

Jonas Henrikson vart grenader i den preussiske kjempegarden. Kongen var tydeleg kry av denne kjempa frå Noreg, for i 1715 han fekk hengt opp eit portrett av Jonas i slottet sitt i Potsdam ved Berlin. Portrettet heng framleis i tøyhuset på Sans Soussi-slottet.

Dukka oppatt i 1990

I 1727 døydde Jonas Henrikson av lungebetennelse. Skjelettet av kjempa vart preparert og stilt ut i Berlin. Truleg gjekk skjelettet tapt ved ein brann i Berliner Schloss.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2011