Hopp til innhold
X
Innhald

Sølvgruva ved Frønningen

På 1800-talet meinte ein å ha oppdaga ei sølvåre i Buadalen. Det er eit dalføre som går austover frå garden Buene ved utløpet til Aurlandsfjorden. Eit par karar vart sette til å bore i fjellet eit stykke ovanfor gardshusa, men det var lite dei fann. Ein av dei som arbeidde i denne ”sølvgruva”, var Karl August Andersson frå Stockholm. I dei siste månadane av krigen i 1945 vart gruva nytta av Milorg-gruppa ”Siskin” til å gøyme bort våpen og ammunisjon.

På garden Solsnes nordvest for Buene vart det på 1800-talet drive ut jernmalm. Denne gruva låg omlag 150 meter frå sjøen, og den tunge jernmalmen frå gruva vart nytta til ballast i seglbåtar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009