Hopp til innhold
X
Innhald

Sønneva Eris hus - bakeri og telegrafstasjon

Sønneva Eris hus var eit staseleg hus frå rundt 1840. Foto: Tor Harald Frøyset, Magasinet Norske Hjem.

Sønneva Eris hus var eit staseleg hus frå rundt 1840. Foto: Tor Harald Frøyset, Magasinet Norske Hjem.

Eit stykke aust i Øyragata stod det fram til 19. januar 2014 eit vakkert, toetasjes empirehus med vipp på det halv-valma taket. Huset vart bygt kring 1840 av bakar Ingebrigt Ingebrigtsen (f.1807) frå Bergen. Huset vart freda i 1923.

Byggmeister var Anders Bondehagen. Det husa også telegrafstasjonen då den første innlandske telegraflina frå Oslo til Bergen vart bygd om Lærdal i 1858. Her budde også første telegrafstyraren, Christian Hiorth Stabell, og seinare postførar og jekteskippar Jens Kristoffersen frå 1859.

I 1903 kjøpte Sønneva Eri huset og leigde bakeriet ut til Otto Ravn Ottosen. Sonen til Sønneva, Jens Eri, dreiv i tillegg til bakeriet også "J.J. Eris Pensjonat" med kafé og overnatting i bygget. Huset vart kalla "Husfred".

Men natt til søndag 19. januar 2014 brann huset ned til grunnen i ein storbrann som starta i eit bustadhus lenger aust (Sjå Storbrannen i Lærdal i 2014). Brannen tok også Losjehuset og eit verna uthus. I alt 23 bygningar brann ned til grunnen.

Det har teke fyr i Sønneva Eris hus natt til 19. januar 2014. Etter kort tid hadde elden jamna det med jorda. Foto: Arve Uglum.

Det har teke fyr i Sønneva Eris hus natt til 19. januar 2014. Etter kort tid hadde elden jamna det med jorda. Foto: Arve Uglum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2014