Hopp til innhold
X
Innhald

Søren Lem

Søren Lem og Dagfinn Bremer Øvrebø starta like etter 2. verdskrig sportsforretning på Lærdalsøyri. Bremer Øvrebø kom frå Balestrand. Han var brukskunstnar og hadde i mange år verkstaden sin i bygget. Ektemaken til Søren Lem, Hjørdis Lem dreiv butikken i 25 år. Ho selde fiskeutstyr, gåveartiklar og Lem dreiv forretninga til 1977. Sidan leigde ”Sportsbua Lærdal” butikklokala. I tillegg til å drive sportsbutikk dreiv Søren Lem også med skyssbåt, og han gjorde ein stor innsats for å få bygd Lærdal Vassverk.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.12.2009