Hopp til innhold
X
Innhald

Sorenskrivargard på Skjær

Skjær. Foto: Jarle Offerdal.

Skjær. Foto: Jarle Offerdal.

På nordsida av Lærdalselvi, eit par kilometer aust for Stødno, ligg garden Skjær med flate og grøderike jordvidder. Skjær var ein av mange gardar i Sogn som i mellomalderen høyrde til det såkalla Krummedikegodset. Desse eigedomane i Sogn vart truleg administrert frå setegarden på Ornes.

På 1600-talet vart Skjær ein del av krongodset. I 1645 vart den sorenskrivargard, for då vart Mogens Nielsen (1610-1692) eigar. Han hadde Skjær som skattefri embetsgard til ut i 1660-åra. Mogens Nielsen vart avsett frå embetet fordi han nytta ustempla papir i embetskorrespondansen. Dermed kunne han snyte kongens kasse for stempelavgift. Men Mogens reiste sak og vart frikjend. Etter at han slutta som sorenskrivar, leigde han Skjær. Då han døydde vart garden delt, og sonen Nils tok over halvparten av bruket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009