Hopp til innhold
X
Innhald

Stiftsstøtta på Filefjell

Stiftsstøtta på Filefjell. Foto: Magnhild Aspevik.

Stiftsstøtta på Filefjell. Foto: Magnhild Aspevik.

På Filefjellet gjekk den nye Kongevegen frå Maristova opp den stupbratte «Jakobstigen», og deretter i himmelsynet på sørsida av sjølve dalføret. På stiftsgrensa her oppe reiste generalvegmeister C. J. Hammer ei diger minnestøtte i marmor. Den vart kjøpt i Danmark, frakta med båt til Lærdal og køyrd til fjells med spesialvogn.

Støtta åleine drog av garde med ein stor del av vegbudsjettet. Denne «stiftsstøtta» står ved Kongevegen den dag i dag, men var ei tid flytta til noverande veg i dalbotnen.

Kongeleg himmelseng

På Maristuen vart det bygt ny fjellstove. Her innreidde Hammer ein eigen «Kongesuite» med himmelseng. Rommet står framleis slik det gjorde i den gongen.

Mellom Kyrkjevoll ved Borgund stavkyrkje og Husum vart vegen lagd over Vindhella, og elles fylgde den nordsida av Lærdalselvi. Både militære og lokale bønder vart brukte til vedlikehald av vegen.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011