Hopp til innhold
X
Innhald

Stødnahuset - apotek og amtmannsbustad

Stødnahuset  - Øyramarki 1. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Stødnahuset - Øyramarki 1. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

«Husfred» (sjå Sønneva Eris hus - bakeri og telegrafstasjon) og det såkalla «Stødnahuset» lengre aust ved Øyragata er om lag like i form. Stødnahuset vart bygd ca. 1830 som landhandleri og bustadhus for kjøpmann Mathias Jordan (1770-1855).

Frå 1850 vart Hartvig Lund eigar, og frå 1852 til 1860 var huset bustad for amtmannen (fylkesmannen) i Nordre Bergenhus amt. Seinare overtok landhandlar Kristen Hille, og i tida 1863 til 1878 heldt Lærdal Apotek til her.

Huset har namnet sitt etter Per Tomassen Stønjum (1845-1930) som kjøpte huset i 1896 og dreiv butikk der samstundes som han var gardbrukar på Hjermann-garden på Stødno, der han hadde gifta seg med enkja etter Peder Severinson Hjermann (1841-1868). Per Stønjum var i kommunestyret i 30 år, mange år som ordførar, og styremedlem i sparebanken i 50 år.

Lærdal Samvirkelag starta i 1921, leigde han ut første etasje i huset til butikk for laget, som flytta over i nedlagde Ørens Meieri i 1934.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.01.2014