Hopp til innhold
X
Innhald

Storbrannen i Lærdal i 2014

Brannfolka kunne ikkje hindre at dette huset gjekk med i flammane. Foto: Øystein Venås Sørensen.

Brannfolka kunne ikkje hindre at dette huset gjekk med i flammane. Foto: Øystein Venås Sørensen.

Rundt klokka 23 laurdag 18. januar 2014 tok det til å brenne i eit bustadhus like vest for Hauge kyrkje. Det bles kraftig austanvind, og i løpet av natt til søndag spreidde brannen seg i Øyramarki mot sentrum. Brannvernet i Lærdal fekk etter kvart hjelp frå nabokommunane i Sogn og frå Voss, Bergen og Fagernes. I tillegg var mange frivillige med i sløkkingsarbeidet. Men den sterke vinden gjorde arbeidet svært vanskeleg. Hus etter hus tok fyr, og då det lysna av dag var i alt 23 bygningar jamna med jorda, av desse 16 bustadhus.

Delar av Lærdalsøyri såg ut som eit katastrofeområde søndag 19. januar. Foto: Oddleif Løset. NRK.

Delar av Lærdalsøyri såg ut som eit katastrofeområde søndag 19. januar. Foto: Oddleif Løset. NRK.

Freda hus frå 1840 strauk med

Tre verna bygningar strauk med, det eine var freda i 1923 (sjå Sønneva Eris hus - bakeri og telegrafstasjon). I tillegg var det store røyk- og vasskadar i fleire andre hus. I alt 40 bygningar (medrekna dei nedbrende) vart totalskadde, av desse var 17 bustadhus. Opp mot 70 menneske vart huslause. Stor innsats frå brannfolka og ein porsjon flaks gjorde at det mest tettbygde verneområdet på Lærdalsøyri vart berga. (Sjå Lærdalsøyri som verneområde).

Losjehuset, eit verna hus frå 1906, var mellom bygningane som vart totalskadde. Huset var under restaurering då brannen oppstod. Foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis.

Losjehuset, eit verna hus frå 1906, var mellom bygningane som vart totalskadde. Huset var under restaurering då brannen oppstod. Foto: Jan Egil Fimreite, Sogn Avis.

Over 100 innlagde med røykskadar

Til alt hell gjekk det ikkje menneskeliv tapt i brannen. Men 411 personar var innom Lærdal sjukehus for helsesjekk, over 100 vart innlagde. 45 av desse vart sende vidare til Førde sentralsjukehus, og tre av dei hadde alvorlege røykskadar.

Heile Lærdalsøyri vart evakuert natt til søndag.

Her ser vi ein del av omfanget av brannen. Foto: Arne Veum, NTB Scanpix.

Her ser vi ein del av omfanget av brannen. Foto: Arne Veum, NTB Scanpix.

Brannen øydela også basestasjonen til Telenor og tok straumforsyninga til store delar av Lærdal, som dermed var utan mobiltelfon- og fasttelefonsamband og straum den første tida etter brannen.

I alt gjorde brannen skade for rundt 200 millionar kroner. Etter brannen fekk Lærdal besøk av både statsminister Erna Solberg og Kong Harald og Dronning Sonja.

Kong Harald og Dronning Sonja i Lærdal etter brannen. Foto: Kamilla Follevåg.

Kong Harald og Dronning Sonja i Lærdal etter brannen. Foto: Kamilla Follevåg.

Her ser vi kvar det brann.

Her ser vi kvar det brann.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016