Hopp til innhold
X
Innhald

Storgarden Rikheim

Hovudhuset på Rikheim, også kalla Rumohr-huset, vart bygt i 1826. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Hovudhuset på Rikheim, også kalla Rumohr-huset, vart bygt i 1826. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

To av dei største eigedomane på Vestlandet ligg i Lærdal kommune: Frønningen-godset med 65.000 dekar, og Rikheim på Ljøsne med 500 dekar innmark og 62.000 dekar utmark og fjellvidde. Begge er eigde av slekta Rumohr.

Rikheim var bustad for adelsfolk alt på 1200-talet, og hadde eiga kyrkje. Tidleg på 1600-talet fekk den illgjetne futen Gjøde Pederssøn på Kaupanger hand om Rikheim. Etter at Pedersen drog tilbake til Danmark, var Rikheim ei tid eigd av admiral og dansk adelsmann Axel Mowatt.

Etter han gjekk godset gjennom fleire eigarar til det i 1665 vart kjøpt av Claus Pedersøn Rumohr. Han kom frå Bergen og starta gjestgiveri på Lærdalsøyri før han kjøpte gard. Seinare vart han også handelsmann.

Rikheim ca. 1880. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Rikheim ca. 1880. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Sidan kjøpet i 1665 har Rikheim vore hovudsete for den kjende Rumohr-slekta i Sogn. Rumohr-slekta kjem opphaveleg frå Slesvig-Holstein. Eigarane auka stadig jordviddene både kring Rikheim og elles i dalen, og i 1723 vert det nemnt at Rikheim har seks hestar, 80 storfe og 80 sauer. Rumohr-slekta vart gifta inn i andre rikmannsfamilier i Sogn som Thiis Nagel, Munthe, Lem og Leganger.

Rumohr-slekta på Rikheim

Ein av dei fargerike eigarane av Rikheim var Claus von Munthe av Morgenstjerne Pederson Rumohr (1770-1831).

Driftsbygningen på Rikheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Driftsbygningen på Rikheim. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Slektsbanda mot Frønningen-godset

Både Claus von Munthe av Morgenstierne Rumohr og kona Marie Sofie Christensen f. Lem døydde i 1831 då odelsguten Jan berre var 13 år gamal.

Han vart oppfostra i Bergen og fekk militærutdanning. Då han var vaksen, overtok han i 1844 Rikheim. Han vart også kaptein og seinare sjef for Lærdalskompaniet. Jan Rumohr fann både første og andre kona si i Lem-slekta på godset Frønningen, og i 1869 overtok han Frønningen etter svogeren Hans Lem då denne døydde barnlaus. Den første tida sette han eldstesonen Claus Søfren Rumohr til styrar på Frønningen, men då Claus overtok på Rikheim i 1889, vart det broren Bjarnhard Rumohr som vart eigar av Frønningen-godset. Bjarnhard er bestefar til den kjende kunstnaren Knut Rumohr.

I tida Rikheim var landbruksskule vart oksar brukte som trekkdyr.

I tida Rikheim var landbruksskule vart oksar brukte som trekkdyr.

Rikheim vert landbruksskule

Frå 1896 til 1907 leigde Claus Rumohr ut Rikheim som jordbruksskule.

Storparten av innmarka på Rikheim er i dag golfbane. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Storparten av innmarka på Rikheim er i dag golfbane. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011