Hopp til innhold
X
Innhald

Stort vassdrag - sein kraftforsyning

Bjarnhard Rumohr.

Bjarnhard Rumohr.

Det var godseigar Bjarnhard Rumohr i Frønningen som installerte det første kraftverket i noverande Lærdal kommune i 1917. Kraftverket var i drift til 1959, og dreiv m.a. maskinene i sagbruket på godset. Men tettstaden Lærdalsøyri og resten av bygda var eit av dei områda i fylket som måtte vente lengst på skikkeleg kraftforsyning:

Sjølv om Lærdalsvassdraget er eit av dei mest vassrike i Sogn og Fjordane, var det ikkje attraktivt for dei første fossespekulantane som kjøpte vassdrag i fylket frå slutten av 1890-talet og fram til ca. 1910. Grunnen til dette er at ein må minst to mil opp dalen før Lærdalselva får noko fallhøgde. Sidevassdraga lengre nede var heller ikkje vassrike nok til å vere særleg interessante. På den tid rådde ein ikkje over teknologi til overføring av straum over lengre avstandar, og dermed kunne kraftstasjonar i øvre Lærdalsvassdraget korkje gje straumforsyning til kraftkrevjande industri ved fjorden eller til tettstaden Lærdalsøyri i første omgang.

Trafostasjon på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trafostasjon på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Krisetid - fylket trekkjer seg

Lærdalselvi fekk såleis liggje i fred for kraftutbyggjarane heilt til 1. verdskrig, då kommune og fylke gjekk saman og skipa Lærdalselvens Kraftselskap. Dette selskapet sikra seg fallrettane i Svartgjelfossen like nedanfor Borgund stavkyrkje, og planen var å bygge eit kraftverk som skulle forsyne Borgund, Lærdal og Aurland kommunar med elektrisk straum. Men aurlendingane nekta å vere med. Dei ville i staden skaffe kraft frå eigne vassdrag.

Sogn og Fjordane fylke trekte seg ut i 1925, og økonomiske krisetider på 1920-talet gjorde at det skulle gå lenge før Lærdalsbygdene fekk kraftforsyning frå Lærdalselvi.

Lærdalselvens Kraftselskap hadde skaffa seg mykje gjeld som tyngde dei to eigarkommunane Lærdal og Borgund. I 1930 freista dei å vri seg ut av knipa ved å tilby fylket fallrettane, mot at fylket tok over gjelda. Men fylket sa nei, og kommunane måtte ta kostnaden åleine.

Sjukehuset treng straum

Ein av grunnane til at det vart blåse liv i den kommunale kraftforsyningsplanen att, var at Lærdal sjukehus skulle utvidast.

Hovedartikkel: Kraftforsyninga i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.05.2011