Hopp til innhold
X
Innhald

Strandsitjarar og handverkarar i Lærdal

Dei gamle nausta og sjøbuene på Lærdalsøyri kan verke litt malplasserte i dag, sidan sjøen er eit godt stykke unna. Men i eldre tid gjekk jektene inn hit. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei gamle nausta og sjøbuene på Lærdalsøyri kan verke litt malplasserte i dag, sidan sjøen er eit godt stykke unna. Men i eldre tid gjekk jektene inn hit. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Alt i 1664 var det 60 personar busette i den vesle husklynga på Lærdalsøyri. Dette var såkalla strandsitjarar - jordlause husmenn som livnærte seg og sine med arbeid på gardane og tilfeldig handverk.

Ei anna gruppe var sjuke og skrøpelege fattigfolk som levde på almisser. Elles i Sogn og Fjordane finn vi liknande strandsitjarmiljø m. a. i Sogndalsfjøra, Vikøyri og på Nordfjordeid. På desse stadane var det såkalla «almenningar» der bygdefolket kunne setje opp naust og lagre varer for utskiping. På desse almenningane slo jordlause småkårsfolk seg til.

Her budde dei i små stover - eller i andre etasje på dei store nausta som etterkvart vart sette opp langs «kanalen» som gjorde at det var seglande frå fjorden og heilt opp til noverande sentrum. På 1700-talet voks folketalet på Lærdalsøyri, og ved folketeljinga i 1801 var det 109 personar.

Kremmar og gjestgjevar

Frå 1600-talet hadde Lærdalsøyri to handelsmenn og gjestgjevarar med kongeleg privilegium. I 1801 er det berre Lars Mathisen Hille som driv. Han var største grunneigar og hadde fem tenestejenter og ein butikkdreng i teneste.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011