Hopp til innhold
X
Innhald

Strendene

Strendene med Fodnes ferjekai ytst. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Strendene med Fodnes ferjekai ytst. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Strendene er samlenamnet på gardane Fodnes, Aspevik, Sandnes, Åretun, Luggenes og Beremål som ligg på sørsida av Årdalsfjorden, men som høyrer under Lærdal kommune. Fodnes som er den vestlegaste garden, hadde lenge svært dårleg veg austover til dei andre gardane på Strendene der skulen låg. Denne vart utbetra i 1962.

Strendene fekk vegutløysing til omverda då riksvegen frå Årdal til Fodnes ferjekai vart opna i 1993, og til kommunesenteret Lærdalsøyri då Fodnestunnelen opna i 1995.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.12.2009