Hopp til innhold
X
Innhald

Styrtrike og eksentriske turistar

Frå slutten av 1800-talet strøymde velståande turistar til Lærdal for å fiske laks i den fiskerike Lærdalselvi. Dei fleste tok inn på Lindstrøm Hotel. Ein av desse var engelskmannen Mr. Robinson, som teikna kart over elva og sette namn på hølane.

Det er frå dette kartet at mange laksehølar i Lærdalselvi har engelske namn. Frå 1920-talet vart dei danske prinsane Axel (1888-1964) og Knud (1900-1976) faste fiskargjestar på Lindstrøm Hotel. Dei drog med seg fleire kongelege gjestar. I 1934 fekk prins Axel bygd sitt eige hus i hotellhagen, den såkalla «Prinsehytta». Hytta står slik den danske prinsen overlet den til hotellet då han døydde i 1964.

Eigen yacht i Lærdal

Sir Thomas Sopwith.

Sir Thomas Sopwith.

Dei styrtrike britane Sir Thomas Octave Murdoch Sopwith (1888-1989) og kona Lady Sopwith gjorde mykje av seg på 1930-talet: Dei kom med eigen yacht til Lærdal (denne vart etter 2. verdskrig bygd om til kongeskipet «Norge»). Men herskapet sjølv tok fly saman med butler, eigen forstmann og kammerjomfru. Dei vart henta i Oslo og køyrde til Lærdal i drosje.

Dei hadde alt utstyr med seg - til og med madrassar og linty! Industribyggaren og flyingeniøren Sopwith vert rekna som far til jetalderen i luftfarten. Under 2. verdskrig vart hotellet brukt av den tyske generalen Engelbrecht som hovudkvarter under hærsetjinga av Sogn. Hotellet vart brukt som soldatheim resten av krigen.

Les også:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011