Hopp til innhold
X
Innhald

Svein Hovland

Svein Hovland var tidleg ute med flysertifikat. Privat foto, utlånt av Kåre Hovland.

Svein Hovland var tidleg ute med flysertifikat. Privat foto, utlånt av Kåre Hovland.

Svein Hovland (1906-1990) frå Lærdalsøyri, busett seinare på farsgarden i Borgund.

Rutebilsjåfør, bonde, og den andre frå Sogn og Fjordane som tok flysertifikat i 1935 (Thor Solberg frå Flora var den første). Hovland køyrde rutebilar og beltebilar over Hemsedalsfjellet, og var transportsjef for våpentransportar frå Sogn og austover til heimestyrkane på slutten av 2. verdskrig.

Saman med to andre starta han i 1956 den første maskinstasjonen i distriktet og kjøpte stor bulldozar. Far til Kåre Hovland.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009