Hopp til innhold
X
Innhald

Sveitsarstil og kongelege gjester

Hotell i sveitsarstil

Hotell i sveitsarstil

Det første hotellet i sveitsarstil vart bygd av i 1888 av Knut Maristuen, son til skysskaffar Anders.

Hotellet hadde frå starten 30 senger, men vart utvida mykje i 1894. Arkitekt var Heinrich Jess frå Bergen, og ferdig utbygd med 90 senger vart Maristuen Høyfjellshotell med tårn og karnapp reine «eventyrhotellet» i fjellheimen.

Hotellet var også eit av dei første som la inn vassklosett. Desse romma vart bygde i eit spesielt utbygg på hotellet fordi ein var redde for at dunstane frå doane skulle gje sjenerande lukt i salongane!

Eige gardsbruk

Maristuen hadde eige gardsbruk og var sjølvforsynt med mjølkeprodukt og kjøt til hotellet. Dessutan hadde garden hestestall, bakeri, kvernhus og smie. Hotelleigaren var medeigar i eit av dei mange tamreinlaga i distriktet (sjå Tamreindrifta i Lærdal og Borgund).

Kongelege gjester

Kongelege gjester

Dei første 15 åra var Maristuen Høyfjellshotell berre ope sommarstid, men i 1907 opna det for dei første påsketuristane. Hotellet var eit praktbygg etter si tid, og kongelege var flittige gjester: M.a. vitja kong Gustav 5. av Sverige hotellet i 1898 som kronprins, og kong Haakon 7. og dronning Maud var innom i 1913, 1916 og 1921. Andre kjende gjestar var Christian Michelsen, Edvard Grieg, A.O. Vinje, Gerhard Munthe, og historieprofessor Ernst Sars var fast gjest i 40 år. Maristuen fekk eige elektrisitetsverk i 1939. Fram til då var all drift på det store hotellet basert på vedfyring og parafinlampar.

Les også om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.04.2009