Hopp til innhold
X
Innhald

Tamreindrifta i Lærdal og Borgund

Tamrein ved Maristova. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tamrein ved Maristova. Ukjend fotograf. © Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Tamreindrifta kring Lærdal og Borgund hadde stort omfang på 1800-talet og fram på 1950-talet. Dei første tamreinlaga i Lærdal vart skipa i 1845, men truleg vart det drive med tamrein minst 50 år tidlegare. Det første laget hadde reinen i fjella på sørsida av Lærdal. Men sjølv om flokkane vart gjette, tvinga ulveplaga laget til å leggje ned drifta kring 1855.
Også på nordsida av dalen mot Årdal og på Filefjell var det tamreindrift i denne tida. I siste halvdel av 1800-talet vart det sett i gang systematisk jakt over heile landet for å kome rovdyra til livs. Bjørn, ulv og jerv vart så godt som utrydda, og kombinert med betre merking og gjeting gav dette ny lønsemd i næringa. Tamreindrifta i Lærdal og Borgund fekk difor ei ny blømingstid frå 1880-talet: Fram til våre dagar er det registrert over 20 tamreinlag i fjella kring Lærdal og Borgund. Særleg i Borgund har tamreindrift vore ei viktig næring. Mange av tamreinlaga kring Filefjell og Hemsedal og Nordfjella har hatt eigarar både frå aust- og vestsida.

Hardt reingjetarliv

Stamreinen i flokkane vart ofte kjøpte i Røros-traktene og drivne over fjell og dal til dei nye beitemarkene vestpå. Einskilde reindrifter kom heilt ifrå Sverige og Nord-Trøndelag.

323.	Rein ved Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

I 1913 brukte den vidgjetne reingjetaren Odd Mortenson Danebrog (fødd 1891) to år på ei drift med 1000 reinsdyr! Undervegs måtte han symje over breie elvar med leiarbukken for å få flokken med seg. Ofte var det samar som Odd Mortenson Danebrog som tok det harde og fårefulle arbeidet som reingjetarar. Ein annan var Jonas Nilsen - «Gamle-Jonas» (1850 - d. ca. 1930). Han og reinflokken vart ein gong tekne av snøskred ved toppen av Heirsnosi og ført omlag 600 meter loddrett ned i Moadalen ved Øvre Årdal. Etter å ha vore sakna i fleire dagar, berga Jonas seg ned til folk. Då var han utan både sko, ski og ryggsekk. Sliten, men like heil. Etter å ha styrkt seg på nafta, var han like pigg!

323.	Rein ved Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

323. Rein ved Eldrevatnet på Hemsedalsfjellet. Ukjend fotograf. Eigar: Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Dramatisk reinslakt

I toppåra kunne einskilde lag ha flokkar på kring 4000 dyr, og det var ikkje uvanleg at kvart tamreinlag kunne slakte 1000 rein årleg. Slakting i høgfjellet baud på vanskar når slike kjøtmengder skulle til bygds. Einskilde stader løyste dei problemet med å leie reinsdyra ned til Lærdal for å slakte dei heime. Eit slaktelag vart ein gong råka av uver ved den 1100 meter høge Vetanosi nordvest for Lærdalsøyri: 187 reinskrottar vart stivfrosne. Einaste måten å berge kjøtet på var å sende dei uflådde slakta utfor berga, og på snøen sklei dei heilt ned til fjorden ved Fodnes.

Jon Jonassen

Nystova var den sentrale slakteplassen for tamreinselskapa kring Filefjell. Her vart tusenvis av rein drivne saman for slakting. Kjøtet vart salta i tønner og sendt til marknaden i Oslo og austlandsbyane. Reinkjøt vart jamvel eksportert til Tyskland.

Jon Jonassen

Samen Jon Jonassen er hittil den siste som dreiv med tamrein innanfor grensene til Lærdal og Årdal. Han hadde slakteplass på Sletterust på Årdalssida, men gav opp på 1980-talet etter årelange konfliktar om beiterettar og strid med bygdefolk som ynskte å nytte fjellheimen til villreinjakt.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2011