Hopp til innhold
X
Innhald

Telefon i Lærdal

Fjellfeste for telegrafline i Seltåsen. Foto: Oddkjell Bosheim.

Fjellfeste for telegrafline i Seltåsen. Foto: Oddkjell Bosheim.

Telegraf til Lærdal i 1858

I 1832 konstruerte Samuel Finley Morse verdas første telegrafapparatet, og i 1855 vart den første telegraflina i Noreg bygd mellom Oslo og Drammen, og berre tre år seinare var Lærdalsøyri knytt til telegrafnettet.

Kvigne

ligg øvst i Erdalen, og folket på garden hadde tilsynet med telegraf- og telefonlinene over fjellet mot Aurland. Kvigne oppsynsstasjon fekk i 1894 høve til å kople seg inn på rikstelefonlina. Kvigne vart regulær rikstelefon i 1925. Stasjonen vart lagd ned i 1958.

Maristova

var tilliks med garden Kvigne ved fjellovergangen Erdal-Aurland tilhaldsstad for oppsynsmennene som vakta telegraflina over Filefjell. Denne stasjonen fekk høve til å kople seg inn på rikstelefonen frå 1896, eit samband som også Maristuen Høifjellshotell nytta seg av. Først noko seinare vart Maristova vanleg rikstelefonstasjon. Stasjonen vart lagt ned i 1954 og knytt til Steinklepp.

Hegg

fekk rikstelefon i 1896. Stasjonen vart lagd ned i 1954 og knytt til Steinklepp.

I dette huset på Hegg var det både postopneri og telefonstasjon. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

I dette huset på Hegg var det både postopneri og telefonstasjon. Ukjend fotograf. Eigar: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Kirkevoll

fekk rikstelefon i 1896. Namnet på stasjonen var då Kirkevold, og var knytt til Kirkevoll Hotell ( sjå dette). Frå og med 1897 ser det ut til at stasjonen berre var open om sommaren. I 1953 vart den lagd ned og knytt til rikstelefonstasjonen på Steinklepp.

Husum

fekk rikstelefon i 1896. Stasjonen hadde også nemninga Husum i Borgund, og Vindhella. Stasjonen vart lagd ned i 1954 og knytt til stasjonen på Steinklepp.

Vindhella

– sjå Husum.

Blåflat

fekk rikstelefon i 1896. Stasjonen hadde også nemninga Blaaflaten og Blaaflat i telefonkatalogen. Den skifta namn til Ljøsne i 1918. Telefonstasjonen vart automatisert i 1978 knytt knytt til Lærdal stasjon.

Ljøsne

– sjå Blåflat.

Rikstelefonstasjonen på Steinklepp i 1954. Sitjande ekspeditør Kari Maristuen, bak står styrar Anders Maristuen, som alltid svara riksanrop med ”Steinklepp 410 meter over havet”. Ukjend fotograf. Eigar Oddkjell Bosheim.

Rikstelefonstasjonen på Steinklepp i 1954. Sitjande ekspeditør Kari Maristuen, bak står styrar Anders Maristuen, som alltid svara riksanrop med ”Steinklepp 410 meter over havet”. Ukjend fotograf. Eigar Oddkjell Bosheim.

Borgund

fekk rikstelefon i 1919. Den vart omdøypt til Steinklepp 1956 og automatisert og knytt til fjernvalnettet i 1978.

Steinklepp

– sjå Borgund.

Fodnes

fekk rikstelefon i 1925. Stasjonen vart mykje nytta av notalag som dreiv fiske i Sognefjorden. Fodnes vart seinare omgjort til såkalla talestasjon, og automatisert i 1978.

Frønningen

fekk rikstelefon i 1931. Bygda fekk automattelefon i 1969 og vart knytt til fjernvalnettet i 1978.

Breistølen

Rikstelefonstasjonen på fjellstova på Breistølen vart opna i 1932. Den vart nedlagd og overført til Steinklepp i 1954.

Eit telefonarbeidslag på Filefjellet på 1930-talet.

Eit telefonarbeidslag på Filefjellet på 1930-talet.

Borlaug

fekk rikstelefon i 1939. Den vart lagd ned og knytt til Steinklepp i 1954.

Bjørkum

talestasjon ved Erdal vart rikstelefonstasjon i 1922, men vart såkalla talestasjon frå ca. 1955. Den vart automatisert i 1978.

Teltleir for telefonarbeidarar ved Brusestølen på Filefjellet.

Teltleir for telefonarbeidarar ved Brusestølen på Filefjellet.

Seltun

fekk rikstelefonstasjon i 1924. Den gjekk over til talestasjon i 1953 og vart automatisert i 1978.

Tønjum

fekk rikstelefonstasjon i 1919. Den gjekk over til å verte såkalla bisentral i 1945. I 1960 vart stasjonen på Tønjum lagt ned og lagd under Lærdal stasjon.

Strendene

- dvs. bygdene langs Årdalsfjorden innanfor Fodnes – fekk såkalla rikstalestasjon i 1943.Telefonen på Strendene vart automatisert i 1978.

Vindedal

fekk rikstalestasjon i 1942. Den vart automatisert 1978.

Nummeropplysninga til Lærdal

Telefonstasjonen i Lærdal vart automatisert i 1978. For å skaffe arbeid til dei mange som vart eldige etter automatiseringa, la Televerket (seinare Telenor) ein ny nummeropplysningssentral til Lærdal. Desse arbeidsplassane vart det slutt på i 2012, då Telenor la ned det som då heitte Opplysningen 1881 avdeling Lærdal og 28 tilsette miste arbeidet. Norsk Telemuséum vart opna på Lærdalsøyri i 1997 i den gamle telegrafbygningen i sentrum. Der held også eit postmuséum til, og Gjesme-galleriet var i denne bygningen fram til eit nytt kunstsenter vart opna i 2011.

Norsk Telemuseum held til i Telegrafen på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norsk Telemuseum held til i Telegrafen på Lærdalsøyri. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.02.2012