Hopp til innhold
X
Innhald

Telegraf til Lærdal i 1858

Lærdal var den første staden i Sogn og Fjordane det kom opp telefonstolpar.

Lærdal var den første staden i Sogn og Fjordane det kom opp telefonstolpar.

I 1832 konstruerte Samuel Finley Morse verdas første telegrafapparatet, og i 1855 vart den første telegraflina i Noreg bygd mellom Oslo og Drammen, og berre tre år seinare var Lærdalsøyri knytt til telegrafnettet. Kva var grunnentil at Lærdal vart ein av dei første stadane i Noreg som fekk telegrafsamband?

Grunnen til at Lærdal kom så tidleg med, var at det Det Norske Telegrafvæsen hadde trong for å byggje ei ekstra telegrafline frå Oslo til Bergen i tillegg til den som i 1857 var bygd rundt kysten mellom dei to byane. I tillegg til at det beredskapsmessig var svært risikabelt å ha berre ei telegrafline mellom dei to største byane i Noreg, skapte det store problem at alle telegrafstasjonane som var knytte på under vegs, ofte skapte trafikkork for brukarar i Oslo og Bergen. Det Norske Telegrafvæsen la difor fram ein plan om å byggje to telegrafliner i innlandet som skulle knyte dei tre store byane i Sør-Noreg saman: Ei vart bygd frå Oslo til Trondheim opp Gudbrandsdalen, og med tilknyting på Dovre for dei tre mørebyane Ålesund, Molde og Kristiansund. Frå eit knutepunkt på Lillehammer vart Bergen knytt til dette innlandske "stamnettet" med ei telegrafline vestover gjennom Valdres, Lærdal, Aurland og Voss til Bergen. Hausten 1859 kunne Bergen knyte seg til den nye telegrafina som gjekk via Lærdal.

Stolpeskuret i Horndalen er teke vare på av Norsk Telemuseum. Foto: Oddkjell Bosheim.

Stolpeskuret i Horndalen er teke vare på av Norsk Telemuseum. Foto: Oddkjell Bosheim.

Tilsetjingsbrevet til telegrafist Chr. Hiorth Stabell, som var den første telegrafstyraren i Lærdal. Årstalet er 1858.  Eigar: Oddkjell Bosheim.

Tilsetjingsbrevet til telegrafist Chr. Hiorth Stabell, som var den første telegrafstyraren i Lærdal. Årstalet er 1858. Eigar: Oddkjell Bosheim.

Telegraline med berre ein tråd

Framleis kan ein sjå stolpekara etter denne første telegraflina oppe på fjellet mellom Erdal og Aurland. Oppe på det verharde fjellet vart det bygt fleire hytter som oppsynsmennene kunne søkje ly i når stormane sette inn. Dei første telegrafstolpane hadde berre ein streng. Den einslegestrengen var festa til ein isolator på stolpetoppen. Dei uimpregnerte furustolpane vart herda i rota med blåstein for ikkje å rotne, og det vart også brukt never for å verne stolpen nede i jorda. Byggjearbeidet på lina gjennom Lærdal vart leia av A. Hennum.

Telegrambod og lineoppsyn

Lærdal stasjon kunne altså opne i 1855 – eitt år før lina var strekt heilt fram til Bergen og byen vart kopla på det stamnettet i innlandet. Den første styraren for telegrafstasjonen på Lærdalsøyri var Christian Hiorth Stabell. Han var styrar til 1876, og hadde også ein telegrafist i teneste. Dei første åra skaffa mange lærdøler seg biinntekter som telegrambod. Ofte måtte dei ro langt utover Sognefjorden med telegram til amtmenn, sorenskrivarar, offiserar og andre embetsmenn. Langs telegraflina Valdres-Voss vart det tilsett 15 oppsynsmenn som vart administrerte frå Lærdal. På garden Kvigno øvst i Erdalen hadde brukarane i nær på 100 år ansvaret for oppsyn med telegraflinene over fjellet til Aurland. Frå 1945 vart det også drive pensjonat på garden (sjå Kvigne Pensjonat). I 1876 vart Mons Olsen fast tilsett som telegrambod og lineoppsynsmann, og frå 1902 tok sonen Ove Wangensten over fram til 1936. Utbygginga av telegrafen gjekk med eksplosiv fart, særleg på kysten av fylket: I 1861 fekk fiskeværa Florø, Rognaldsvåg, Fanøyvågen, Kinn og Batalden såkalla "fiskeritelegraf". Dette var først eit heilt lokalt telegrafnett som vart nytta i sildesesongen for å melde inn fangstar, men som etter nokre år vart knytte til landsnettet via Bergen. Øya Skorpa vart kopla til i 1863 og Tansøy i 1869. I 1864 fekk også Kalvåg og Måløy fiskeritelegraf. Desse to bygdene vart knytte til landsnettet med ei line som vart bygd sørover frå Møre.

Ny line i 1876

Ny line i 1876

Telegraflina frå 1858 over fjellet frå Lærdal til Aurland var utsett for uver, og i 1876 vart et bygd ny line. Stolpekara etter denne lina kan lett sjåast fjellvegen, medan dei frå 1858 ligg lengre unna vegen. Linearbeidarar vart kalla "graffarar" – ei avleia forkorting frå ordet ”telegraf”. Mange av graffarane som arbeidde på lina Lærdal - Aurland kom frå Gulen, der det særleg kring Dalsøyra utvikla seg eit miljø for dette yrket. – Les meir om graffarane i eigne artiklar under Gulen kommune. Tilsvarande "graffar-miljø" fann ein i Kjølsdalen i Nordfjord (sjå Eid kommune) og i Fjaler kring graffarformann Hans Kleppe.

Frå telegraf til telefon

Den første telefonsamtalen i verda vart ført i 1876, og berre fire år seinare starta International Bell Telephone Company telefondrift i Oslo. Telefonliner vart bygde over Filefjell i 1895, og i 1896 var heile dalføret knytt til telefonnettet. Dei lokale telefonsentralane vart knytte til skysstasjonane. – Les meir om dei lokale telefonstasjonane nedanfor. Utover Sognefjorden til Balestrand vart det bygd riktelefonline i åra 1895-1897. Samstundes vart Amla,Sogndal og Leikanger knytte til rikstelefonnettet gjennom Lærdal stasjon. Lærdal fekk kontroll- og driftsansvaret for telefonnettet i indre Sogn t.o.m. Balestrand og Vik, og hadde på det meste 70 lokalstasjonar under seg.

Arbeidslaget til Johannes Kleppe på Filefjellet i 1937. Kleppe sjølv hadde ei timeløn på kr 1,56, dei andre måtte nøye seg med rundt 1,20. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Arbeidslaget til Johannes Kleppe på Filefjellet i 1937. Kleppe sjølv hadde ei timeløn på kr 1,56, dei andre måtte nøye seg med rundt 1,20. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

– Les elles meir om den gamle televerksbygningen på Lærdalsøyri i eigen artikkel: Gamle bygningar i Lærdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2011