Hopp til innhold
X
Innhald

Thomaskyrkja - huldrekyrkja på Filefjell

Thomaskyrkja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Thomaskyrkja. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På slutten av 1100-talet vart det bygt ei stavkyrkje på Filefjell. Den fekk namnet Thomaskyrkja fordi den var vigd til apostelen Thomas. Kyrkja hadde plass til omlag 100 personar, og skulle visstnok tene som soknekyrkje for folk som budde i Smeddalen på Filefjell. Den tente også som kyrkje for folk som var på pilgrimsvandring frå Vestlandet til Olavs-heilagdomen i Nidaros (Trondheim).

Gardane i Smeddalen vart avfolka under Svartedauden på 1300-talet, og Thomaskyrkja stod ubrukt i 200 år. Tidleg på 1600-talet kom ho i bruk att, og frå 1630 vart det tradisjon å halde messe i kyrkja på Syftesokdagen. Kyrkja fekk ord på seg som ei "huldrekyrkje" der folk kunne bli lækte. Sjuke frå heile Sør-Noreg valfarta difor til Thomaskyrkja.

I samband med Thomasmessa vart det halde marknad på fjellet - med mykje festing og spetakkel. Dette var grunnen til at styresmaktene reiv Thomaskyrkja i 1808.

Relikvieskrinet som står utstilt på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Relikvieskrinet som står utstilt på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Relikvieskrinet frå Thomaskyrkja er teke vare på ved Historisk Muséum i Bergen. Skrinet er sølvkledd med relieff.

I 1971 vart det bygt ei ny Thomaskyrkje på staden der den gamle stavkyrkja stod – like ved E16 på Filefjell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2011