Hopp til innhold
X
Innhald

Thrane-rørsla og Lærdal

Marcus Thrane (1817–1890) starta den første norske arbeidarrørsla på 1840-talet. I ein kort periode på eit par år fekk Thrane-rørsla sterkt fotfeste i Lærdal.

Marcus Thrane og flokken kring han samla m.a. 13.000 underskrifter til krav om ålmenn røysterett og innføring av åtte timars arbeidsdag for husmenn og andre arbeidsfolk.

Thrane vart redaktør av avisa «Drammens Adresse» i 1848, som vart hovudorgan for rørsla i dei få åra den levde. Thrane var inspirert av ideeane frå Februar-revolusjonen i 1848 i Frankrike. På eit par år samla Thrane-rørsla 30.000 medlemer i 300 foreiningar - i hovudsak på Austlandet. Den einaste «avleggjaren» på Vestlandet kom i Lærdal og breidde seg derifrå til Luster og Sogndal. Dette skuldast først og fremst den karismatiske agitatoren Gudbrand Larsen Sundløkken som tok vegen over fjella.

Han hadde ei god lokal såmark for sosialistiske og radikale idear mellom arbeidsfolk som m. a. hadde bygd veg gjennom Lærdalsdalen. Her hadde det arbeidd opptil 700 mann, og ein stor del av dei var frå Lærdal. På slutten av 1840-talet ebba anleggsarbeidet ut, og småkårsfolket fann lite å brøfø seg av lokalt.

Sundløkken reiste i 1851 på talarferd i Lærdal, Sogndal og Hafslo, og etter dette vart det skipa «arbeidarforeningar» både i Tønjum (Lærdal) og Borgund. Foreininga i Tønjum teikna 73 medlemer, og Borgund 36.

Anders Torsteinson Mo, som var tenestekar i prestegarden på Tønjum, vart ein sterk lokal formann. Mo deltok m. a. på landsmøtet i rørsla i 1851, der fleirtalet gjekk inn for revolusjon i Noreg. Kort tid etter møtet slo styresmaktene til mot den radikale flokken. Marcus Thrane vart arrestert og dømd til fire år tukthus. Thrane-rørsla gjekk i oppløysing. Thrane sjølv emigrerte i 1863 til Amerika.

I Lærdal gjekk også lokallaga i oppløysing. Anders Torsteinson Mo flytta til Stavanger, og enda si tid som lekpredikant, med Voss som bustad. Mange av husmennene og småkårsfolket som var innskrivne som ”thranittarar” i 1851, finn vi nokre år seinare att som utvandrarar til Amerika. Men mellom tidlegare rallarar, husmannsfolk og dagarbeidarar som budde på Lærdaløyri, heldt dei radikale idéane seg i live på eit vis, for ein gong kring hundreårsskiftet var det skipa ei Hauge Arbeiderforening. Den var tydelegvis godt etablert i 1916, for då etterlet den svenske rallaren seg ei bokgåve på 112 bind til Hauge Arbeiderforening. Dei fekk også ein del av pengaarven etter svensken.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2011