Hopp til innhold
X
Innhald

Tjodgata

Dagens veg over Filefjell sett frå Thomaskyrkja mot vest. Kongevegen gjekk høgare i terrenget, til venstre for åsen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dagens veg over Filefjell sett frå Thomaskyrkja mot vest. Kongevegen gjekk høgare i terrenget, til venstre for åsen i bakgrunnen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Dei to eldste offentlege vegane i Sogn og Fjordane er vegen frå Lærdal til Valdres over Filefjell, og vegen over Dragseidet i Selje.

Desse to vegane vart rekna som hovudvegar eller ”landsvegar” heilt frå Noreg vart samla til eitt kongerike ca. 885. Vegen over Filefjell går over det lågaste punktet mellom aust og vest, og var difor den mest farbare vegen mellom Austlandet og Vestlandet. Vegen over Dragseidet vart nytta til å drage båtane over det låge fjellpasset slik at ein slapp å krysse det farlege Stadhavet. Desse og andre hovudvegar vart i eldre tider kalla ”tjodgata”.

Å ri baugreid

Eit tjod er det norrøne namnet for spyd - difor namnet ”tjodgata”. Namnet kom av måten ein målte vegbreidda på: Etter Gulatingslova skulle vegbreidda kontrollerast ved å ri "baugreid" - d.v.s. at ein skulle ri med eit tjod lagt på tvers over hestesalen framfor ryttaren. I kvar ende av spydet skulle det hengje ein vidjering. Kvar kvist som reiv av vidjeringar måtte ryddast bort. "Tjodgata" måtte såleis minst ha fem alners breidde - d.v.s. vel tre meter. Nemninga "baugreid" var med i det norske lovverket så seint som i Christian V’s Norske Lov i 1687. Merke etter den eldgamle tjod-vegen finn ein fleire stader i dalen. M.a. mura ein trappetrinn i bratte stigningar for å få hestane fram. Slike trappetrinn kan ein m.a. finne i Seltåsen. Liknande trappetrinn for hestar og bufé finn ein også mura i Kamperhamrane i fjellet mellom Stryn og Ottadalen (sjå Stryn kommune).

Olavsklemma. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Olavsklemma. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sverrestien og Olavsklemma

Lokale stadnamn i dalen er knytte til segner om at fleire norske kongar reiste gjennom dalen i norrøn tid. Sverrestien frå Borgund stavkyrkje til Husum knyter seg til at birkebeinarkongen Sverre Sigurdsson i 1177 reiste over Filefjell og gjennom Lærdal på veg til Vestlandet. – Les elles om denne reisa under Aurland kommune. Den spesielle bergformasjonen ”Olavsklemma” knyter seg til segna om at Heilag-Olav ein gong måtte snu hesten sin i det trange gjelet ved Sjurhaugfossen. Klemma var så trang at hesten skrubba av berget både framme og bak før den fekk snudd seg. Spora etter denna hendinga kan ein sjå i berget framleis. Så langt segna. Sanninga er nok at Olavsklemma er ei gamal jettegryte som elva har forma. Elles i fylket finst ei mengd segner om ”Olavs-kjelder”, m.a. i Årøy. Vi finn Olavsskaret som kongen laga i Bremanger, og Korssundet i Fjaler kommune skal etter segna vere forma av at heltekongen ikkje hadde tid til å segle den vanlege leia, men baud bergveggen om å opne seg slik at han kunne segle tvers gjennom.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011