Hopp til innhold
X
Innhald

Tøger Ravn

Tøger Ravn Jan Henrikson Hansen (fødd 1850). Tok over som kjøpmann og jordeigar på Lærdalsøyri etter faren Jan Henrik Nitter Hansen. Tøger Ravn titulerte seg gjerne som «godseigar» og «proprietær», og tok initiativet til skiping av meieri på Lærdalsøyri i 1890.

Han var ordførar 1880-1881, 1889-1901 og 1905-1907, då han selde dei store eigedomane sine og flytta til Austlandet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2011