Hopp til innhold
X
Innhald

Tomaskyrkja - huldrekyrkja på Fillefjell

På slutten av 1100-talet vart det bygd ei stavkyrkje på Fillefjell. Den fekk namnet Tomaskyrkja. Kyrkja hadde plass til omlag 100 personar, og skulle visstnok tene som kyrkje for folk som budde i Smeddalen på Filefjell.

Kyrkja tente også som kyrkje for folk som var på pilgrimsvandring frå Vestlandet til Olavs-heilagdomen i Nidaros (Trondheim). Gardane i Smeddalen vart lagt aude under Svartedauden, og Tomaskyrkja stod ubrukt i 200 år.

Tidleg på 1600-talet kom ho i bruk att, og frå 1630 vart det tradisjon å halde messe i kyrkja på Syftesok 2. juli.

Kyrkja fekk ord på seg som ei «huldrekyrkje» der folk kunne bli lækte, og sjuke frå heile Sør-Noreg søkte til Tomaskyrkja. I samband med messa vart det halde marknad på fjellet, med fest og spetakkel. Dette var grunnen til at styremaktene reiv Tomaskyrkja i 1808.

Relikvieskrinet frå Tomaskyrkja er teke vare på ved Historisk Museum i Bergen. Skrinet er sølvkledd med relieff. I 1971 vart det bygd ei ny Tomaskyrkje på staden der den gamle stavkyrkja stod. Her er det fast messe Syftesok-aftan.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 02.02.2009