Hopp til innhold
X
Innhald

Tønjum kyrkje

Tønjum kyrkje i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tønjum kyrkje i 2007. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tønjum kyrkje vart bygd i 1832. Arkitekten er ukjend. Byggmeister var ein mann som heitte Tøger og kom frå Hafslo. Utvendes har Tønjum-kyrkja vorte måla vekselvis raud og kvit fram gjennom tida. Altartavla frå 1885 er måla av A. Olsen etter eit målarstykke av den tyske målaren Otto Mengelberg. To altarlysestakar i kyrkja er frå 1675. Elles er anna utstyr og utsmykking frå byggjeåret eller seinare. Den gamle prestegarden for Tønjum låg på ein stad som vert kalla Prestøygarden på nordsida av Lærdalselvi fram til kring 1500. Truleg vart tømmeret frå prestegardshuset der seinare nytta då den kjende hovudbygningen på storgarden Rikheim vart sett opp i 1826.

Tønjum prestegard. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Tønjum prestegard. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK

Restar av dørportalane frå stavkyrkja på Tønjum er lagra på Bergen Muséum. Foto: Svein Skare © Bergen Muséum.

Restar av dørportalane frå stavkyrkja på Tønjum er lagra på Bergen Muséum. Foto: Svein Skare © Bergen Muséum.

Stavkyrkje på Tønjum

Ei stavkyrkje frå 1200-talet stod på same staden som noverande kyrkje, men bles over ende i 1823. Denne stavkyrkja likna mykje på Borgund stavkyrkje og hadde eit skip som var 10 X 7,8 meter med kor og våpenhus i kvar ende. Over våpenhuset stod tårnet som avløyste ein klokkeståpul som stod like ved kyrkja, slik vi kjenner det frå Borgund stavkyrkje. Frå stavkyrkja på Tønjum er det teke vare på delar av fire inngangsportalar. Dei er vakkert utskorne med rankar og fabeldyr og finst no på Bergen Muséum. Det same er ein dørring frå 1100-1200-talet, ein prosesjonsstav frå ca. 1500 og ein gravstein med innrissa prestefigur frå 1200-talet. På De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuséum er det teke vare på ei udatert lysekrune og ein gamal messehakel frå kyrkja.

Veggfjøler frå Tønjum stavkyrkje på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Veggfjøler frå Tønjum stavkyrkje på Bergen Muséum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Stavkyrkje på Eri

På Eri, eit par kilometer nord for Tønjum, låg det ei stavkyrkje som er omtala i eit diplom frå 1305 og i Bjørgvin Kalvskinn frå 1360. Funn på 1800-talet kan tyde på at kyrkja låg på ein haug på garden. Kyrkja er borte frå soga på 1500-1600-talet.

Stavkyrkje på Rikheim

På storgarden Rikheim, som ligg om lag fem kilometer aust for Tønjum, stod det også ei stavkyrkje i mellomalderen. Den er omtala i eit dokument frå 1321. På Rikheim finst framleis stadnamnet Kyrkjebakken.

Hans Nielsen Hauge budde på Rå

Under ferdene sine i Sogn budde lekpredikanten Hans Nielsen Hauge hjå Hallvard Olsson Raa (1771-1834) på garden Rå ved Rikheim. Hallvard vart ein trugen haugianar, og han hadde ein heil kasse med brev som han hadde fått frå Hauge. Denne kassen kom bort under gardsflyttinga i 1905. Hans Nielsen Hauge og veneflokken hadde for vane å finne høvelege ektemakar til andre i flokken, og slik vart Hallvard gift med Anna Oppheimshaug som kom frå prestegarden på Indre Hafslo, der haugianarane hadde det sterkaste rotfestet i Sogn.

Brusetempelet på Tønjum

Ola Jensson Tønjum (1789-1884) gjekk under namet Bruse-Ola, og det vert sagt i bygda at folket på Bruse-garden skulle ætte frå England eller Skotland. Bruse-Ola gjekk sine eigne vegar i tolkinga av Bibelen, og presten truga både med fortaping og helvete dersom ikkje Ola gjekk i kyrkje som andre folk. Men i staden for å lyde presten, bygde den skriftlærde Bruse-Ola sitt eige gudshus like ved kyrkja, og dette vart sidan kalla Brusetempelet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.05.2011