Hopp til innhold
X
Innhald

Torvblokkproduksjon

Gunnar O. Ødegård starta i 1980 grasfrøproduksjon på garden sin på Øygarden. I samband med Bergensmeieriet/Drægni sin konservesfabrikk på Lærdalsøyri (sjå Bergen & Drægni Produkter AS) og kontraktsdyrkinga som fylgde med, dreiv Ødegård såstasjon på garden frå 1977 til 1985. Ødegård framstilte torvblokker der grønsakfrøa vart sådde, og produsentane henta blokkene og sette plantane til spiring i eigne drivhus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.12.2009