Hopp til innhold
X
Innhald

Trevaren A/S

Trevaren A/S. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trevaren A/S. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Trevaren AS trevarefabrikk på Lærdalsøyri vart starta i 1922 av Anders Aarethun, Per Lem, Severin Gullaksen og Elling Hovland. Sidan 1990 har brørne Arvid og Erik M. Arethun vore eigarar med ein halvpart kvar. Opphaveleg vart firmaet registrert med namnet ”A/S Trævaren”.

Fabrikken heldt den første tida til i leigde lokale i Habben i lokala til tidlegare Lærdals Mineralvandfabrikk, og har frå starten produsert vindauge og eit variert utval bygningsartiklar. Trevaren produserte også stilmøblar i mellomkrigstida, og ei tid produserte den også likkister.

Fabrikklokalet Trevaren hadde i Balkan, der Lærdal Rådhus ligg i dag. Biletet er teke på 1970-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet.

Fabrikklokalet Trevaren hadde i Balkan, der Lærdal Rådhus ligg i dag. Biletet er teke på 1970-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Arvid Aarethun/Fylkesarkivet.

Seinare kjøpte Trevaren” ein bygning i Årdal, reiv den og sette den opp som fabrikklokale om lag der Lærdal rådhus ligg i dag. Dette området gjekk på folkemunne under namnet ”Balkan”. I samband med at Balkan vart sanert og omregulert tidleg på 1970-talet, bygde Trevaren i 1974 eit nytt fabrikkbygg på 500 kvadratmeter litt vestafor sentrum. Her var det også plass til ein interiørbutikk.

Frå slutten av 1970-talet har Trevaren AS satsa på eiga entreprenørforretning, og har m.a. fått store byggeoppdrag i hytte- og ferieområda på austsida av fjella. I 2007 hadde Trevaren 75 tilsette og ei omsetning på 70 millionar kroner. Vel 60 av dei tilsette arbeidde i entreprenørdelen av selskapet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.05.2011