Hopp til innhold
X
Innhald

Turisme og transport vert viktig næring

Ole J. Sprakehaug (til høgre) er ein av dei som levde av å vere vognmann. I vogna sit velkledde turistar og ventar. Foto: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Ole J. Sprakehaug (til høgre) er ein av dei som levde av å vere vognmann. I vogna sit velkledde turistar og ventar. Foto: Lærdal lokalhistoriske arkiv.

Om lag samstundes med at Fylkesbaatane starta rutene frå Bergen til fjordafylket i 1858, starta den første turistruta mellom Newcastle og Bergen. Dette la grunnlaget for ei av dei verkeleg store vekstnæringane i Sogn og Fjordane på slutten av 1800-talet: Turismen.

Slik vart det også i Lærdal, der skysstasjonane frå Lindstrøm på Lærdalsøyri til Maristuen på Filefjell vart bygde ut til turisthotell med høg standard.

Ein av dei mange hesteskyssane i Lærdal før 1900. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.

Ein av dei mange hesteskyssane i Lærdal før 1900. Foto: K. Knudsen. © Billedsamlingen, UBB.

Engelskmennene betalte også godt for sportsfiske i Lærdalselva. Bygdefolk fekk arbeid på hotella, som skysskarar og klepparar. Bøndene leverte landbruksvarer til hotella, og mange gjorde seg gode inntekter på suvenir-produksjon.

Turismen skaut ekstra fart på slutten av 1800-talet. Det gjev ein peikepinn på veksten å vite at det i 1875 var åtte menn på Lærdalsøyri som levde av skyssing, medan det var 22 skysskarar i 1900.

På Kapteinsgarden har dei teke vare på denne skyssvogna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På Kapteinsgarden har dei teke vare på denne skyssvogna. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 13.05.2011