Hopp til innhold
X
Innhald

Tystampe på Voll

Hallstein Olsson Høverstad frå Austre Slidre i Valdres bygde tystampe ved elva Kuvelda på Voll kring 1788. Seinare bygde han kvern med eigen vassdam og ei smie på husmannsplassen sin. Han dyrka også mykje jord, og for dette fekk han i 1807 premie frå ”Det Nyttige Selskap”.

Men bøndene ikring mislikte mykje av det Høverstad dreiv med, for i 1811 vart han stemnd for retten for å ha bygd kvernhus og teke vatn frå elva utan løyve. Saka enda med forlik.

Sonesonen til Hallstein dreiv m.a. som smed, og smidde m.a. ei tanntrekkjartang som han nytta når folk bad om hjelp. Tanga er teken vare på ved Sogn Folkemuséum.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.12.2009