Hopp til innhold
X
Innhald

Ulrik Frederik Bøyesen

Ulrik Frederik Bøyesen (1773-1841) fødd i Oslo, sokneprest. Teologisk kandidat i 1801, lærar i København før han i 1804 vart residerande kapellan i Vågå. I 1812 vart han sokneprest i Lærdal.

Han skreiv m.a. ein topografisk beskrivelse av prestegjeldet, som då omfatta Lærdal, Borgund og Årdal. I samband med val av utsendingar til grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll i 1814 heldt han ein appell som er teken vare på.

I 1822 flytta han vidare til Bergen, der han var res. kapellan i domkyrkja. I 1825 vart han sokneprest i Ullensaker. Han fekk medalje for «Borgerdåd».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2014